Bakgrunnsbilete er teken av Torgeir Wittersø Skcanke Til hovudsida
Meny
Heim
Nytt frå merkeprosjektet
Om prosjektet
Kontaktpersonar
Lenker
Kart
Merkelokalitet
Merka dyr
Observasjon
Epost S&Fj JFF
Biletet er teken av Reidun Solberg Seim Utarbeidd av viltforvaltninga i deltakande kommunar

Bakgrunn
I samarbeid med Eid jfl / NJFF -Sogn og Fjordane har viltforvaltninga i Nordfjordkommunane starta merkeprosjekt hjort i Nordfjord. Norsk Hjortesenter på Svanøy i Flora står fagleg ansvarleg for prosjektet og har fagleg ekspertise inkludert veterinær til slikt arbeid. Rolf Langevatn (Norsk Institutt for Naturforskning -NINA) har sagt seg viljug til å vere uformell rådgjevar for prosjektet. I tillegg har han ansvaret for overvåkingsprogrammet på hjort, der Gloppen og Stryn er med. Derved får vi ein tilfredstillande kobling mellom overvakingsprogrammet og merkeprosjektet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gått inn med midlar og er ansvarleg for kartet som syner hjorten sine trekkruter.

Kvifor skal vi merke dyr ?
Med den gamle forvaltningsmodellen - små vald, små kvotar og retta avskyting - hadde kvar jegergruppe nok med sitt eige. Nokre fylte kvoten kvart år, andre greidde det aldri. Dyretalet vaks radikalt utover 90-talet og mange stader oppstod betydlege beiteskader, spesielt der hjorten konsentrerte seg for overvintring og der kvotane var for låge i høve til bestanden. Dyra som vart felt i 1999 viste klart reduserte vekter og kjevemål i høve til tidlegare år, noko som heng saman med at det er for mange dyr på tilgjengeleg beite.
Skal vi sikre ein varig god avkasting av hjortestammen må ein etterkvart sjå stammen som ein felles ressurs over større område.
Dette har tvinga fram ein ny forvaltningsmodell med driftsplanar for heile hjortestammar og avskytingsavtaler som gjev meir fleksible, grunneigarstyrte avskytingsmåtar.
Med denne nye modellen aukar kravet til kunnskap om hjorten sine forflytingar, spesielt mellom ulike sesongbeiter. Merking av dyr er den einaste måten å verte kjent med hjorten sine trekkvegar på.

Mål med merkeprosjektet
Målet med merkeprosjektet er å sikre nok datagrunnlag gjennom radiosendarmerka og øyremerka dyr til å finne "hovudmønsteret" i forflytningane til hjorten for ulike delstammar i Nordfjord-regionen.

Kor stort omfang ?
Erfaringar frå andre merkeprosjekt på elg og delvis hjort viser at vi må rekne med eit ganske omfattande prosjekt for å svare på det spørsmålet som målsetjinga fokuserar på. Vi må rekne med at prosjektet vil ta opptil 5-6 år i total varigheit. Årsaka til dette er at undervegs vil datamaterialet stadig reise nye spørsmål som prosjektet må svare på og nye dyr må merkast for å finne ut av dette.

Vi har som mål at det skal merkast tilsaman 200 dyr i merkeprosjektet i Nordfjord, men likevel ikkje meir enn at vi får svar på dei spørsmål merkeprosjektet stiller. Vi har som mål at 50 av desse dyra skal merkast med radiosendar.
Som eit forprosjekt vart det vinteren 99 / 00 merka 11 dyr i Kjølsdalen i Eid kommune. Tre av dei vart utstyrt med radiosendar. Med denne merkinga ynskjer vi å hauste ein del erfaring med bruk av lokal veterinær til merkearbeidet, vi ynskjer å få erfaring med radiopeiling og gjenfangst (registreringar / fellingar) av merka dyr) av alle typar dyr, samt å finne rutiner for samarbeid og rapportering av registrerte dyr.

Utifrå tidlegare erfaringar med øyremerka dyr (utan radiosendar) kan vi rekne emd om lag 30 % gjenfangst fram til hausten, same året som hjorten vart merka. Om lag 70 % av alle merka dyr vil ein eller annan gong verta rapportert.

MERKEOPPLEGG

a) Merkejournal og datainnsamling
Det skal førast merkejournal for alle merka dyr. Journalen skal innehalde data om vekt på dyret, kjønn, alder, merkenummer m.v. Det skal også takast blodprøver av alle dyr og graviditetstest på koller.

b) Merkeområde og individuell merking
Ein må ha god spreiing av merkeområda i Nordfjord, både aust-vest og nord-sør. I og med at det vil føregå merking på Sunnmøre, får ein også nytte av denne merkinga for å kartlegge trekkvegar til og frå Nordfjord.

Dei merka dyra er oppført i eigen tabell med stad, type dyr, nummer og dato.

Alle dyr er merka med ei metallklype og to plastklyper. Den eine plastklypa har lik farge for heile prosjektet og i denn er det inngravert eit individnummer. Det er nytta likt individnummer på metallklypa og plastklypa. Den andre plastklypa er mindre og har ulik farge for dei ulike merkeområda. Kvart merkeområde får tildelt eit antal merkenummer.

PROSJEKTFASAR
År 2000:
· Opplæring av lokal veterinær på Eid
· Veterinærgodkjenning og godkjenning frå DN til merking av dyr
· Foring av dyr og merking av 11 dyr i Kjølsdalen
· Oppfølging av registrering av merka dyr
· Opplæring av 2 nye lokale veterinærar ved Hjortesenteret
· Foring av 8-9 dyr goegrafisk område fordelt i Nordfjord

År 2001:
· Merking av dyr
· Innstallering av dataprogram for innlegging av plottedata i kommunane
· Oppstart radiopeiling av dyr på våren
· Oppsummeringsmøte og førbuing av remerking / nymerking på hausten
· Ny foring av dyr evt. på nye lokalitetar etter erfaring frå 1. merking
· Remerking av dyr som har mista sendar/har sendar som er ute av funksjon
· Nymerking av kalv eller erstatningsdyr for individ som har gått ut av prosjektet

År 2002:
· Same opplegg som for år 2001 etter behov
· Oppsummering skriftleg, der ein vurderar vidare den vidare framdrift i prosjektet utifrå kva forvaltningsspørsmål ein er i ferd med å finne svar på og nye utfordringar dette gjev
· Eventuell utskifting av personell som driv radiopeiling
· Søknader om tilleggsfinansiering dersom dette er aktuelt

År 2003:
· Same rutinar som for år 2001

År 2003:
· Same rutinar som for år 2001
· Vurdering av om ein må samle inn meir data for å kunne svare på utfordringane i prosjektet

År 2005:
· Evt. framhald i prosjektet ut til hausten
Desse sidene er utvikla og tilrettelagt i
samarbeid med Asplan Viak Internet AS
Logg inn for registrerte brukarar