Bakgrunnsbilete er teken av Torgeir Wittersø Skcanke Til hovudsida
Meny
Heim
Nytt frå merkeprosjektet
Om prosjektet
Kontaktpersonar
Lenker
Kart
Merkelokalitet
Merka dyr
Observasjon
Epost S&Fj JFF
Her er kolla Akona blitt merka.  Klikk for å forstørr bildet Nordfjordkommunane er midt i eit spanande og viktig prosjekt på merking av hjort.

I prosjektet er det merka 191 hjort, og 104 av dei er påført radiosendar. Alle går med plastmerke i begge øyrene; eitt stort gult merke med individnummer frå 2001 til 2205 og eit tilleggsmerke av ulik farge. Dyr merka i Stryn, Hornindal og Gloppen har oransje tilleggsmerke og dyr merka i Eid, i Ålfoten i Bremanger og dels Bryggja i Vågsøy har blått merke og dyr merka i andre område enn Ålfoten i Bremanger, i Ytre Vågsøy og i Selje har gult tilleggsmerke. Fire dyr merka i Botnane i Bremanger har tilleggsmerke med ulik farge framme og bak.

Under Nytt frå merkeprosjektet finn du nyhender om merkinga, blant anna sakna dyr.

I prosjektomtalen finn ein mykje informasjon om bakgrunn, kvifor prosjektet er starta, omfang av merkinga, opplegget rundt med meir.

På desse sidene finn ein også data om dei merka dyra (type dyr, kjennemerke på dyret, kvar dei er merkte og om dei er døde mm.) og observasjonar som er gjort av dei). og observasjonar som er gjort av dei.
Vi håpar å få lagt inn data om forflytningar av dei merka hjortene på "viltveven" på fylkesmannen si heimeside. Informasjon om dette vert gjeve seinare.

Grandiosa vert merka. Klikk på biletet for å få det forstørraDet er viktig at ein rapporterar om observasjonar som er gjort. Dette kan du kan du gjere på rapporterings-skjemaet vårt. Fyll ut dei dataene du veit og trykk send !

Når jakta nærmar seg: Ikkje la vere å skyte merka dyr !!

Det er faktisk viktig at ein også feller desse dyra og rapporterar inn med kva dyr som er felt (individnummer som står på øyremerket), slaktevekt og kvar dyret vart skoten. Dersom du feller merka dyr er det viktig å sende inn til kommunen/styret både merke og eventuelt radiosendar.
Sandra og sonen Sand vert merka. Klikk på biletet for å få det forstørra
Radiosendar kan ein sende til NJFF -Sogn og Fjordane eller til leiar i merkeprosjektet, Odd Rønningen ved Stryn Kommune, boks 263, 6781 Stryn.
Pass på å sende den slik at den ikkje vert øydelagt.

STYRE
Styremedlemane i Merkeprosjekt Hjort er vald/utpeika av kommunane og organisasjonane.
Samansetjing:
Stryn kommune: Odd Rønningen (leiar)
Eid kommune: Anders Skrede (nestleiar)
Hornindal kommune: Joar Helgheim (sekretær)
Gloppen kommune: Harald Kjær
Bremanger kommune: Lars R. Myklebust
Vågsøy kommune: Åse Leirgulen
Selje kommune: Stein Inge Refvik
Norsk Hjortesenter: Johan Trygve Solheim
NJFF -Sogn og Fjordane: Ove Bjørlo
Desse sidene er utvikla og tilrettelagt i
samarbeid med Asplan Viak Internet AS
Logg inn for registrerte brukarar